lørdag 17. april 2010

Korleis går det med trimminga mi?

Vel, det har vert opp og ned. Eg har trimsykkel, eg har trimball, sånn stor blå ein som er veldig moro å hoppe og sprette på. Og i tillegg så har eg 2-3 vogner som eg kan trille på og. Den aller beste trimmen var vel å sleppe minstejenta laus for så å springe etter ho. Men, eg må tenke på blodtrykket mitt. Så da blir det heller trilleturer ja.

Det var ein dag eg gjekk heimifrå og nesten til Hesjedalsfossen. Det er vel på sånn ca 5,3 km å gå ein vel. Eg gjekk 4 km ein vei og så tilbake. Så eg gjekk faktisk nesten ein mil til saman ja. :) Ca 8 km. Det var jammen med ikkje verst nei. Og det var med ei vogn å trille på og. Skulle gått dei fleire ganger og. Det dumme når det var så fint vær, så har eg jo måtte holde meg innandørs med ei godt forkjølt eldstejente. Da har ein jo trimsykkel og trimball.

Syns eg jammen med trimmer frå kjøkkenet til badet og så til datamaskina som mi eldste sit og taster på. Er jo ikkje så moro å vere sjuk og heime frå skulen. Da er jo dataen kjekt å ha ja. Men, snart er kvarandagen tilbake og da er det slutt på goder ein har når ein er sjuk.

Skulle hatt eit databord på trimsykkelen min. Så kunne eg gjort 3 ting på ein gang. Data, TV og trimme samtidig. Helst strikke og. Skulle ønske strikke var trim det og :P

Har vert flink innimellom å sykle på trimsykkelen. Da er det minimum 3 km. Har hendt eg har sykla litt lengre og. Det eg liker best når eg sykler, er å bruke MP3 og med EBML på øyrene. Da sykler eg i takt med musikken. Ja, det blir enkelte accelerandoer og..... Så da sykler eg jo fortere. Moro det da. :)