tirsdag 25. mai 2010

Da var dagens trim unnagjort.

På sykkelen i kveld under siste del av MPG så sykla eg 7,17 km på 22.16 min. Ikkje så verst det da. Det er mest på den flate landeveien eg syklar. Ikkje så mykje oppover nei. Må først få tilbake kondisen min. Den er nesten = 0 fortida. Vart jo skikkeleg anpusten når ein marsjerte og spelte samtidig. I kveld har eg ikkje trimma på øving nei.

Greit med sykkel inne, for da kan eg jo sykle etter at jentene mine har lagt seg.

Greit å kome i form igjen så ein kan holde tempo med jentene. Ikkje berre vere sliten og trøtt. Og det er godt å trimme og. :)

mandag 24. mai 2010

Dagens trimtur ute

Jepp, eg har gått og trilla på vogn ca 2 km i dag. Det var inn til bestemor for å hente eldstejento mi. Og så gjekk vi tilbake. Ein roleg gange.

Ikkje noko trim i dag/kveld.....

Så det vart ikkje noko trim i kveld nei. Hadde litt andre ting å gjere på som huslege sysler. Er ikkje det og trim eller kva?

lørdag 22. mai 2010

ca 11 km i kveld.

Da trur eg jammen med har trimma skikkeleg i dag.  Godt svett skal ein visst vere når ein har trimma godt. :) Skulle vert rett i dusjen. Men, eg våkna i det minste no. Det er morgontrim ein burde ha tatt og ikkje kveldstrim ja. Men, da har eg jo nok med jentene som skal  ha sitt om morgonen. :)

Da veit eg kva eg skal gjere neste laurdag. Sitte på trimsykkelen under heile sendinga av MGP. Da får eg jo gjort 2 floger i ein smekk da. :)

fredag 21. mai 2010

Jaha... Da skal eg og til å slanke meg noko voldsomt med eit par tastetrykk

Ja, det kan jo vel ikkje bli betre å bruke Photoshop å slanke seg med. Overskrifta her er klar og tydelig.
"Slanking med Photoshop"

Så da i kveld skal eg aktiv begynne å jobbe med alle dei digitale bileta mine ja... Her  skal det slankes ja....hehe

Men, kanskje det var heller H&M som brukte det til sine reklamemodeller?? Ja, da kan eg vel og bli modell for H&M? Ikkje at det frister så veldig da.. Men, kunne jo blitt ganske så slank med eit par tastetrykk eller kva?

På sykkelturer....

Jepp, da har eg klart å rote fram sykkelen min frå kottet. Har kjøpt eit nytt sykkelsete til minstejenta. Og passer fint i sykkelhengaren og. Og minstejenta koser seg med sykkelhjelm på. Så eg skal ikkje kome med noko dårleg grunn til at eg ikkje skal trimme.

Hadde planer om å begyne på step og, men det blir det visst ikkje noko av. Har mangel på barnevakt, så eg får begynne å sykle til øvinga no framover. Så kanskje eg kan ta noko trimtur til neste helg. Eg på sykkel og Terje springe bak???

mandag 10. mai 2010

Mangler tiltak for å kome skikkeleg igang med trimminga mi.

For tida har eg meir lyst til å øve enn å trimme når eg har tid til det. Skal spele på konsert utanom althornet på konserten til BM. Eg får vel finne fram fløyta litt mens eg kan. Og det er når minstejento mi kviler.

søndag 9. mai 2010

Dagens trim, søndag 9.mai

Dagen begynte med ein båttur. Ikkje noko særleg trim i seg sjølv det. Men, når vi gjekk i land i Kalvika, gjekk og eldstejenta mi opp den bratte bakken til toppen i Kalvika. Ho hadde jo så lyst opp bakken. Og det er jo ein liten trimtur i seg sjølv. JA, eg skulle jo gått opp og ned den bakken fleire ganger da. Ikkje kun ein gang opp og ein gang ned.

Når trimma eg sist?

Tja, eg veit ikkje om eg tørr seie det ein gang. Og eg som skulle kjempe kampen mot mine kilo no før den 17.mai. Vel, på 17.mai får eg nok trimme ein del ja. Eg får vel prøve frå mandagen av å jobbe så hardt eg kan ei veke framover.
Eg prøver å gå kvar gang til øvinga på tirsdager. Men, så er det alltid nokon som eg haiker med. Eller eg får haik med. Trur eg må gå mykje tidlegare ja. Eller ta sykkelen fram igjen for så å sykle til øvingane. Var ganske så flink til det før. Så eg burde bli flinkare.

Trur denne bloggen handler meir om kor FLINK EG BØR VERE TIL Å TRIMME. Ikkje kor flink eg har vert til å trimme.

Får sjå om eg har noko resultat å vise fram i morgon.