tirsdag 15. juni 2010

Trimppdateringer sidan sist.

Forrige onsdag, 9.juni, var eg med skulejento mi på skuletur. Var ikkje lange turen, men opp til gapahuken. Og det er trim i seg sjølv når ein bærer 15 kg på ryggen i tillegg.

Skulle gjerne gått lengre når eg først var i gang. Trudde det skulle bli tungt, men det var det ikkje. Hadde planer om å bruke vogna oppover og bæremeis siste del, men eg gadd ikkje ta med vogna, så eg brukte like godt bæremeisen heile vegen. Og det var ein fin og god tur. Bør nok gjenta seg. Trenger gåstaver da i tillegg for betre balanse når ein går med bæremeis og barn på ryggen.

Etter det så har det ikkje vert så mykje trim. Det har mest vert rydding fram til bursdagen til eldstejenta. Men, all bevegelse er jo trim det og. :D

Så i dag kom eg meg på trimsykkelen igjen. I akkurat 24 min sykla eg 7,63 km. Så eg håper at eg kanskje har trimma vekk litt kalorier frå bursdagen i går.

No skal eg ha eit mål om å prøve å sykle kvar dag fram til sumarsferien. Og det er jo ei veke til skulen sluttar no. :)

mandag 7. juni 2010

Måtte trimme for å kome meg på konsert i dag.

Opp 250 meter i gangen for å kome seg til konserstaden. Eller eigentleg ein gamal steinalderbustad. Men, det var godt å få kunne gå litt der det ikkje var kun asfalt. Bære opp 2 instrument må el vere styrketrening...eeeehhh..... Og etter konsert var det til å gå ned igjen. Det å spele eit instrument er jo å trene magemusklene sine og. :)

torsdag 3. juni 2010

Pers på sykkelen :)

Forutanom å sykla mens eg såg på eit program der mannen arrangerte heile bryllaupet der bruda ikkje fekk vere med å planlegge eller plukke ut brudekjolen, så sykla eg i 43 min og 31 sek. På den tida sykla eg 13,26 km. No brukte eg ikkje all verda med tempo, men skal ein bygge seg opp, så skal ein heller ikkje slite seg totalt ut.

I tillegg så har det blitt ein del trakking på Dale i dag i forbindelse med Daledagane.

I kveld fant eg og ut at sykkeleg eg fekk til min bursdag i januar går heilt opp til 10 mil før den begynner på  0 igjen. Så i frå januar til juni så har sykkelen gått 14, 97 mil. Ikkje verst det da. :) Kor langt ville eg ha kome da på sykkel i Norge?

onsdag 2. juni 2010

Skal eg grine eller juble???

Skulle ut på eit aldri så lite oppdrag i kveld, men så vart det ikkje noko av det. Så da mista eg den trimturen der ja. Men, til gjengjeld så regner det så mykje ute at det ikkje frister ein gang i det heile tatt. For eg hadde ikkje sykla i det regnet nei.... Da får eg heller trimme med Photoshop i kveld da. ;)

tirsdag 1. juni 2010

4 km på sykkel i dag.

Den trimminga mi blir det ikkje så mykje av. I dag har eg gått ein liten tur med vogn + at eg har sykla til og frå øving i dag. Det utgjer sånn ca 4 km til saman på sykkelen. Lettare å sykle på trimsykkelen. Der er det ikkje så mykje oppover- og nedoverbakker.

Var ikkje noko enkelt å sykle med eit althorn i barnesetet på sykkelen. Da er det nok etre med hengaren. Men, det er så bale å få den ut døra å koble den på sykkelen. Eg mangler ein garasje. Men, ein kan ikkje ha alt heller.