tirsdag 1. juni 2010

4 km på sykkel i dag.

Den trimminga mi blir det ikkje så mykje av. I dag har eg gått ein liten tur med vogn + at eg har sykla til og frå øving i dag. Det utgjer sånn ca 4 km til saman på sykkelen. Lettare å sykle på trimsykkelen. Der er det ikkje så mykje oppover- og nedoverbakker.

Var ikkje noko enkelt å sykle med eit althorn i barnesetet på sykkelen. Da er det nok etre med hengaren. Men, det er så bale å få den ut døra å koble den på sykkelen. Eg mangler ein garasje. Men, ein kan ikkje ha alt heller.