tirsdag 15. juni 2010

Trimppdateringer sidan sist.

Forrige onsdag, 9.juni, var eg med skulejento mi på skuletur. Var ikkje lange turen, men opp til gapahuken. Og det er trim i seg sjølv når ein bærer 15 kg på ryggen i tillegg.

Skulle gjerne gått lengre når eg først var i gang. Trudde det skulle bli tungt, men det var det ikkje. Hadde planer om å bruke vogna oppover og bæremeis siste del, men eg gadd ikkje ta med vogna, så eg brukte like godt bæremeisen heile vegen. Og det var ein fin og god tur. Bør nok gjenta seg. Trenger gåstaver da i tillegg for betre balanse når ein går med bæremeis og barn på ryggen.

Etter det så har det ikkje vert så mykje trim. Det har mest vert rydding fram til bursdagen til eldstejenta. Men, all bevegelse er jo trim det og. :D

Så i dag kom eg meg på trimsykkelen igjen. I akkurat 24 min sykla eg 7,63 km. Så eg håper at eg kanskje har trimma vekk litt kalorier frå bursdagen i går.

No skal eg ha eit mål om å prøve å sykle kvar dag fram til sumarsferien. Og det er jo ei veke til skulen sluttar no. :)