onsdag 13. oktober 2010

Jaha.....

Dette var den store hausten eg skulle slange meg. Men, slik har det nok ikkje godt. Vart gravid i stadenfor.
Det er jo kjekt det og da. Så slankinga får ligge litt på hylla framover. Men, det er fint mogleg å passe skikkeleg på kva ein putter inn i munnen sin. Men, det skal ein alltid gjere uansett, gravid eller slanking.

Men, det er jo like greit at eg ikkje har gått opp 1 kg enno. Reknar med at det blir meir på slutten av svangerskapet.

MAtlysta dette svangerskapet ikkje er akkurat den sørste imotsetning til forrige svangerskap. 1.svangerskap gjekk eg ned 10 kg, men da kunne eg ikkje innta noko feitt eller søt mat.