lørdag 10. desember 2011

Pakke med her og pakke med der.

Denne førjustida handler om å pakke. Eller det handler jo kvar einaste førjulstid med. Heile desember står i med å pakke inn, pakke ut, pakke ned, pakke opp. Ja, ikkje berre julepakker. Denne førjulstida handler om å flytte. Det skal bli kjempekjekt å kome inn i eit nytt hus der alle kan få kvar sitt soverom. Men, alt går jo i lengda og. Men, det blir kjempekjekt med eige hage. Og så kjekt det skal bli for barna utan å ha bilvegen rett utanfor døra. Men, det er 2 ting eg kjem til å savne, og det er buss-stopp rett utanfor døra og posten rett inn i stova. Kjempegenialt å bu slik til :) Men, det blir jo litt trangt om plassen når det er 5 stk som skal dele på plassen og.