lørdag 24. januar 2015

Eit nytt eksplosjons- og bryllupskort

Dagen i dag er mest via til brudeparet som har blitt mann og kone. Hadde planer om å ta meg ein tur i kyrkja for å sjå brudeparet, men pga influensa vart det no ikkje slik. Men, ein liten presang til brudeparet måtte ein jo lage.

Når eg nettopp har fått meg eit nytt scrappeverktøy, så vart det naturleg å kunne lage eit kort til brudeparet. Vart litt annerleis enn det eg lagde til bror min og svigerinna mi i fjor sumar.

Det nye scrappeverktøyet er altså ein Silhouette Portrait. Det er ei kuttemaskin som kan kutte ut forskjellige mønster. Eller eigentleg ein plotter med skjærekniv som ein og kan bruke til å teikne med.


Veldig kjekt å ha når ein skal klippe ut div mønster. Ikkje alt er like enkelt å gjere med ei lita saks heller. Draumen var eigentleg ein Sizzix Big Shot, men sidan min kjære mann syns no at den digitale hadde større bruksområdet og samtidig ein slapp å kjøpe alle mønstera som ein kunne berre laste ned frå nett og samtidig laste ned gratis og, så vart valget enkelt. No gjenstår det å teste ut å kutte ut ein qr-kode for å sjekke om den er scanbar.

Her er det første kortet som eg laga ved hjelp av Silhouetten min.